lørdag 16. august 2014

Tur i dag og


Ein tyngre himmel over meg i dag. Nokre dropar prikka meg i panna.


Og raunbæra helsa meg frå greina, raudare og modnare no!


Bortanfor kalvane og steingarden har sonen fått treska kornet i dag og halmen ligg i ballar som ventar på å verta stabla ein elle annan stad.. Eg skulle lagt turen min dit i dag, men det var litt for langt.


Et teppe til er ferdig og levert.


No er det laurdagskveld og nytt  hekkelety ligg og lokkar!




Ha ein fin laurdagskveld!

Bestemor-mormor-farmor- tante-faster-moster-mor-Gunvor








fredag 15. august 2014

Bladtid


Nytt blad på beddingen!


Frøydis Nordbustad besøkte Rogaland og var og på Varhaug Misjonshus med mykje folk samla.
 Det må bli eit referat.

Måtte ta meg ein tur for å klarna tankane.


Det merkas at Lena har herja.


Elles var det fint opprydda.


På terrassen stod denne og gløda i dei siste solstrålane! Han som kan få til noko så fullkome kan og hjelpa meg med Bladet!

Ha ei fin tid!

Gunvor

fredag 8. august 2014

Turen min


Lange skuggar og vidt syn mot sør. Ein stille og mjuk kveld. I synstanda står ein flokk vindmylner og sviv sakte.

Heimatt . Her gjekk eg i vinter i allslag ver. I helst kald vind frå søraust. Stundom i snødrev som stakk som nåler i kinna.

Men no er det berre vakkert. Raunbære har ikkje heilt fått den djupe raudfargen enno.


Melom trea, over steingarden ser eg potetstykket med greipen i. Lauvet visnar på dei tidlegaste.


Eg svingar inn i tunet og går under granane og ser mot nord, oppover mot Oma. Det syner tydeleg at skogen minkar. Store ladar av tømmer ligg att. Nærast er beite til kyrne. No er dei inne for natta.

Lenger nede er granskogen heilt borte.

Ha ein fin kveld!

Gunvor

torsdag 7. august 2014

Primulateppe.


Nesten ferdig!! Kva farge skal eg ha til heklakant?



Heklehelsing frå heklo.








søndag 3. august 2014

Ein morgon. - Safting og bærtur.




På terassen tidleg. Heilt stille. Ikkje eit blad rører seg. Ein og  annan fugl syng. Blomar i bed, krukker og oppheng, held liksom pusten. Dei er så fine! Lufta er lunka litt trykkjande. Skyene sig seint innover Jæren og samlar seg. Alt er fred og godt. ---
Nokon stader er skyene mørke. Det er meldt torever og mykje regn. Må ikkje regn og vind øydeleggja dei skjøre og nydelege liva!
--- Og det rumlar langt vekke.

Det minner meg om at alt ikkje er så bra i verda. Det kjem nærare og nærare. Folk er utrygge. Kva kjem?

Då er det godt å vita at det er ein som har kontrollen på alt, både på lyn og torden og krig og skremsel!

Seinare på dagen var veret fint og roleg, berre godt regn er kome! "Unødige bekymringar!" sa mor så ofte.

Det seier vel at eg er åt og bli gamal, at eg tenkjer på før i tida!  Men det er godt å tenkja på den! "Alle mine tider er i Herrens hand, både dei tidene som er farne og dei som enno er att.

"Min framtidsdag er lys og lang! Den rekker bakom tiden tvang!" Det seier ein diktar i 1883 i ein song som står i Sangboken.

Helsing Gunvor





Safting og bærtur



Det kom inn stikkelsbær, og stikkelsbær og rips har eg alltid safta i dei snart 60 årige husmorliv! Så fram med saftposane! Dei heldt i år og!
Og medan eg rørde i sukkeret kom tankane på mor og før i verda:
Mor tok inn rabarbra. Store tjukke, grøne saftige stilkar. Dei hadde digre blad som måtte bli att ute. Og det var tunnare, raudare stilker som me kalla jordbær-rabarbra. Dei var søtare til å eta. Me ungane sat rundt det store kjøkenbordet og skar. Men det var alle slag bær og frukt som vart nytta. Mor styrde med grytene. Men sidan det var krigstid, hadde me lite og ikkje sukker. Men me hadde noko som me kalla sakarin i store flak som mor hadde i saft og syltetøy i staden, ei tid. Og så var det Atamon, minnest eg, i blå pakkar, som skulle halda syltetøy og saft friskt og ikkje mygla.
Krukker og flasker var godt reingjorde og kokte i kjellaren i god tid.
For å hindra mygl la mor pergamentpapir, klypt passeleg, dypt i edik (trur eg) nedpå syltetøyet. Så la ho papir over krukka og batt til med hyssing. Merkelapp på. Flaskene måtte  korkast og  dyppast/forseglast i varm flaskelakk. 

Etterkvart som me ungane vaks til hjelpte me til med det me kunne. Dei eldste fekk det vanskelegaste jobbane, som kravde mest nøyaktighet. Alt måtte vera reint og kokt og sterilisert!

Bærtur
Mor og far tok oss og med på blåbærturar. Då var det å ta på godt fottøy. Det var beksaumarar. Støvlar me brukte om vinteren og til skisko. Mor laga godt med niste og far laga stavar til oss. På fjelltur måtte me alltid ha kvar sin stav.  Av og til sette me oss for å kvila,  for vegen var lang og bratt opp  heile  heile lia til høgfjellet. Kvilestaden var helst på stader der me såg fint utover ford og fjell. Då tok far fram "finnkniven" sin. Den hadde beinskaft med grøne striper på og var lynande kvass. Den brukte han og til å kvessa blyantane til elevane sine i skulen og. Ingen blyantkvessar laga så fin spiss på blyanten som han! Ja, far tok altså  fram kniven og krota til stavane våre. Dei vart finare og finare etter som kvilestundene vart fleire.

"Så synger vi på vår tur, vårt sinn er lett og rapp vår fot ----"  Song far når me tok i veg att.
Og når me kom på kanten og såg innover: "Hu hei, kor er det vel friskt og lett, oppå fjellet ----"

Me hadde blåbærhentarar som far hadde laga. Men somme ville heller henta med hand. Det vart reinare bær då.

Det var ei oppleving og eit stræv. Tyrste vart me og drakk av det kalde klåre fjellbekkvatnet, og åt nistemat.
Heimatt vart me møyre i knea og sigande trøytte.
Det var mor og far som strevde med renskinga etter me var lagde, mange gonger. Trilla bæra over eit hallande frottehandkle så kvist og bos låg att i tøyet.
Ja dei minna, dei minna. ---

Gunvor


Sundagsmorgon

"Morgonstund har gull i munn."


Stå tidleg opp ein sundagsmorgon og nyta sundagsegget og Sangtimen! Kva er vel betre!
Regn ute.
Ei sturtebya så det fløymer i tunet. Men bonden har vore førevar og leia det der det skal.
 
Syng kun i din ungdoms vår! --- Stilt i huset - berre dette som kjem og skaper bilete inni meg:
 Norge, mitt Norge! --- seterjentens søndag  --- når fjordene blåner - som markens fiol -- over den grønnklare bølge - et brudefølge --- Å vestland, vestland --- Som den gylne sol frembryter ...
Gud signe deg, Norge, mitt deilige land!
 
Å for ein rikdom! Den som kunne skapa slikt med ord og tonar!
 
Med ungdomsminne er den tala blanda! Det strøymer på meg så eg knapt kan anda ---
 
 
 
No skin sola!
 
Ha ein god sundag!
 
Gunvor
 
 
 

Laurdag

I gårvar den laurdagen bestemor har vaskehjelp!


Etter laurdagsgrauten er rydda unna set Daniel i gang med vasking medan mor Brita og bestemor får seg ei kosestund, medan pinnar og sanakketøy går. Verdensproblema blir løyst, eller prøvd å bli løyst når bestefaren kjem med i laget.
Daniel har vakse veldig i sommarferien, tykkjer bestemor. Han er jo tenåring! Snart konfirmant og då er alle barneborna vaksne! 
Tru ikkje at tenåringar berre sit med mobil og data! Her blir det skinande reimt og støvfritt på eit blunk! Lenge før me har løyst alle problem og eigentleg har lyst å slutta av. Men først må me ha litt kos:


Så er det helg i reint hus!
 
Eg er no vel heldig!
 
Ha god helg alle!
 
Gunvor