lørdag 30. august 2014

Julegåveturen


Trass skremande vermelding om uvanle mengder med regn, starta me turen med opplett og tildels ljose slyer. Men på veg til Avaldsnes kyrja kom renbya.

 Synåla tepar ikkje  kyrkjeveggen heilt enno,

 I Nordvegen Historiesenter opplevde me Harald Hårfagre og andre kongelege samt Odin og Tor og andre gudar i skremeleg miljø.


Inne her i Krigshistorisk Museum vart eg sett attende til krigstida på ein måte eg ikkje hadde trudd gjekk an.
Hakekors og tyskar i uniform med hjelmar og gevær var det første som slo mot meg og gjorde meg fysist vodt. ---. Rasjoneringskort, B-såper, sko med skobespararar og trebotnar, blendigsgardiner, bilar med generatorar, --- nasistar, plakatar og publikasjonar me kjende så godt. ---
 Eg kjende ei ulyst til å vera der. Var det ikkje nok no. Akkurat som under krigen, me lengta heile tida etter at det var over!
Brått kom eg inn i noko anna! Ei ny gate.- Ein som talte! Det var kong Håkon med sin danske aksent. Ikkje til å ta feil av! -- Det kom frå eit ope vindauga der ein  mann stod og heldt ein liten rado frå den tida. Rundt i gata stod folk med eit underleg forklara uttrykk i andletet, lyttande og smilte undrande og strålande glade --- Så slutta talen og jubelbruset frå folket kom gjennom radioen. Då rann tårene og eg hadde vanskeleg for å få fram ord ---

Alt dette hugsar eg som det var i går! Aller mest det jubelbruset! Me var ikkje vane med radio, så dette veldige jubelbruset tok heilt pusten frå meg då og. Tårene kom altid når eg høyrde på det på radio. Det var ei enorm gleda! Tenk det var fred. FRED! Og det var flagging, vår og uendeleg vakkert!
Og dette opptaket eg høyrde no var vel det same som det eg høyrde på då - som13 åring.


Me er veldig taknemlige  til dei herlege jentene våre, vertskapet for turen, for ein fin tur!
Her er me  i Bestestova til ein betre middag!

Klem frå mor.




1 kommentar:

  1. Takk for at du skriv dette. Viktig at de som opplevde krigen på kroppen fortel korleis det verka. Sjølv var eg så liten, men hugsar soldatar med hjelmar og gevær .

    SvarSlett