Gjekk meg ein tur i dag og. Reine sommaren. Men eg kjende eg hadde vore husmor og fått laga kavring! Noko eg hadde emna på ei stund. Kavringane blei nett så god eg hadde vona på! Kanskje nokon vil koma og testa dei?
Heisann! Ein einsam kløverblom stod og "solka pelsen sin!" Eg snakka litt med han og han vart reint kry då eg tok bilete og sa han skulle få koma på blogga mi!
Eg kom ikkje leneger enn til ballane. Dei lyste og glitra som eit vakkert perleband i sola!
Men i går --- nei i
føreigår var dei slik! Då bles ein kald nordavind.
Då gjekk eg like til tippen!
Graset ved bekken stridde hardt i nordavinden.
Og bekken var smalare og glattare i yta.
Og i dag var han endå djupare og klukka og surla og mulla så stilsleg til meg der eg strevde meg heimatt til godstolen.
Korleis blir dagen i morgon, tru? kanskje det er like greit å ikkje vita ---
men eg kjenner ein som veit det -!! :)))
Ha ein god kveld!
Klem frå mor Gunvor
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar