lørdag 6. september 2014

Regn rett ned.




Vått vått!


Men bonden fekk kjelva snau og graset i ballar før regnet! Me skimtar dei kvite ballane langt borte i lang, lang rekke!
Og bekken brusar og frøser brun og arg bak støypekanten.



Kjelva som ikkje fekk verta slegen for skuld stor pågang på masiner, står bøygd av tunge dropar.


Og det glitrar og funklar som krystallar på kløvertua. Eg ser litt etter firkløver som eg gjorde i min ungdom ---. Då fann eg mange -- som bar bod om lukke! Og jammen trur eg på det!  ---- :))

Guds miskunn meir enn 82 år !!

Ha ein god sundag!

Gunvor  ----- mor.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar