lørdag 22. november 2014

"Eg vil - EG VIL !"

Fann ei rose i solveggen ein dag!



Rose i november

I gryande morgonljoset
i vind og regn og snjo
nikkar ei yndig rose
så frisk og raud som blod.

Ho står her på sommar-terrassen
og nektar at hausten er til.
Kor fekk ho den ville trassen:
"Eg står her, eg vil - EG VIL!" ?

Du rose har allting i deg
frå jord og solskin og regn. -
Og skaparen famnar deg kjærleg
og syter for alt som du treng.





Ein av dei siste turane var solegladet så vakkert. Her er sola enno i skyene og gyller og skimrar dei. På heimvegen snudde eg meg. Då skein ho fullt under skyene! - -
Me ser at trea er blitt snaue og og lagar kunstverk mot himmelen.



Snautt og goldt på Jæren, men vakkert likevel!



Den store kastanjen blir til ved av driftige folk.



Her har dei skiva han opp før han blir kløyvd . Ikkje arbeidsløysa her!



Vinden var sers kald på turen i dag, og godt å koma inn til hekle - kroken, eller til dette "adventsmysteriet" til Bittamis Design for strikkelystne. (lukka gruppe) som eg er med på på Fjeboka, Det er blitt ca 1 meter langt. Får nytt nønster nokre dagar i mellom. her.  Me fekk 8. del  i gårkveld. Me sender inn bilder og kan kommentera og lika. Mange gode tips har eg fått og lært mykje! :)
Eg brukar restegarn og det vert no deretter. Brukar litt av primulateppegarnet . Det skal bli dobbelt så langt.

Men det er jo anna å gjera og no før jul. Men eg har fått god hjelp til både tak og det som er umuleg for meg. Me har hjelpst åt det me kan. 
Og i dag var vaskekaren her og. :) Så kunne mora og eg kosa oss.
Så dagane er altfor stutte, og kveldane og ! For då er eg mest opplagd med strikk og hekling.
Måndag kjem nytt "mysterium".




Dette er 8. del av "mysteriet" Det er mørk grønt det som ser grått ut, biletet lyg litt.


Litt krusjen! Godt og mjukt skjerf gjer godt! Det vert ikkje så mjukt det eg strikkar!  :)

Klem

--- mor Gunvor



5 kommentarer:

  1. Så flott rose. Herlig å se at den fortsatt prøver å komme
    seg i blomst. Håper den rekker det før frosten kommer til Jæren.
    Her er det for sent for rosene nå. Men det er bare ei uke siden jeg
    plukket inn en rosebukett. Så vi har fått glede av rosene lenge i år.
    Så koselig at du har hatt besøk i dag også.
    Går ut fra at D. gjør en god jobb.
    Er jo spennende å se hvordan det skjerfet blir til slutt.
    Ønsker deg en velsignet god søndag :)

    SvarSlett
  2. Kjære bestemor på Gødem. Takk for så fint dikt, dette likte eg godt. Takk og for titten inn i dagen din og det du sysle med :)

    SvarSlett
  3. Fortsett med bloggen mor, det er så kjekt både å lesa og sjå bildene :-). Marta

    SvarSlett