torsdag 4. desember 2014

Alle mine tider er i Herrens hand!


Ein titt inn i julekrubba mi!

En stjerne skinner i natt.
. Eivind Skeie. /Tore Åas.

Se himlen ligger og hviler
på jordens gule strå
vi står rundt krybben og smiler
for vi er fremme nå.

Englene synger høyt i kor
synger om fred på vår jord.
Verden var aldri helt forlatt,
en stjerne skinner i natt!

*


I går gjekk eg tur halv fire då sola stod over kanten på Jæren og stråla uhemma midt i mot meg! Eg såg mest ingen ting utan eg såg ned på vegen og rundt der eg gjekk. Strålene frå sola gyllte alt det møtte! Snakk om stråleglans! 
"Det blenkjer eit ljos lenger framme, det stålar så bjart og fint!" Noko slik er ein song kjem eg på.   
Det er himmelvegen den peikar på. 
Ja, me kan ikkje sjå kva det ljoset innebere. Det er for ljost og skarpt. Men me kan berre undra oss. - og gleda oss!!




Eg snur for å gå heimatt. Sola gyller alt strålane møter her og, men no kan eg sjå fritt.
Eg tenkjer eg kan sjå bakover i livet mitt. Så uendeleg mykje godt og fint det eg har fått opplevt!!
Frå barndom, ungdom, livet, og no i alderdommen! Alle mine tider!  Og i Bibelen står det ein stad " Alle mine tider er i herrens hand!"
Ja då kan eg gladeleg sjå attende og telja mine dagar! Og sjå frammover!!

Eg ser meg tilbake der eg går. Er ikkje sola nedførekanten snart?  Eg må smila. Ho har reidt seg ei forgyllt bommullskvit, mjuk dyne og kikar litt over kanten og smiler "God natt!, til meg!" --- og ljoset rundt meg dovnar av.

Ha framleis ei god Adventstid!   (Adventstida og er i Herrens hand!)

*
Klem frå ---mor Gunvor














1 kommentar:

  1. Ikke mye som er flottere enn solskinn en vinterdag
    på Jæren. Kanskje ekstra flott for en utflytta Jærbu.
    Har savnet innlegg fra deg i det siste. Kjedelig når dataen
    ikke helt vil være med.
    Høres ut som du og B har hatt en fin tur rundt i
    den lille snertne bilen hennes.
    Flotte dikt du skriver.
    Lykke til med bladjobben.
    Ha ei velsignet god helg :)

    SvarSlett