onsdag 17. desember 2014

Lysa skin - og skin --



Lysa skin!!

Herleg med advent og masse lys!

Tenk, lyset er sterkare enn mørkret!

Mørkret må vika for eit lite lys!

Og i jula kom han som er verda sitt lys!




Slik var det på siste turen min!
Grått og surt med sluddbye.

Men no snur sola og det går mot ljosare tider!

Men tida har gått med så mangt.

Glytt-baldet skulle ut og det var tekniske vanskar i Øvre Årdal. Eg greidde få det til sist, så prøvde eg og det gjekk bra. 
Mykje gildt å lesa!
Frøydis sin bil i Tanzania lak som ein sil i regnveret og er ikkje brukande. Derfor prøver dei samla inn til ny bil, som dei har sett på. 

Der var kome inn 30 tusen kr. som respons på ein mail eg sende før bladet kom ut. Det er flott. Men no var det stille på kontoen. Vonar fleire kan støtta etterkvart som andre julegåver er på plass!

Frøydis, som frontar dette arbeidet er verdt skikkeleg doning til å koma fram i!

Eg vågar ikkje sjå etter fleire bilete her til blogga for då forsvinn heile greia.

Litt julekjeks har det blitt. Ein sort har eg laga sjølv. Stripekjeks kom jentene mine og laga saman med faren. Tradisjon.
Så har han kjøpt kjeks og skal fylla dei til Fingerkremkjeks. Meir vert det vel ikkje. 

Skjerfet er det berre to mønsterdeler att på. Det VIL eg greia! Siste del kjem på fredag.

Så har det vore 80års-dag der min kjære bror også kom! Det var umåteleg gildt.

Og eit barnebarn hadde familieselskap i leigheta som ho deler med ei veninne! Flott gjort og gildt det og. Måtte ta sengene i bruk til å sitja i. :)

Eg må kansjje berre seia god jul med same, for eg veit ikkje om eg får bileta til før jul.

Men eg måtte berre få til noko her no!

Tusen takk til dykk som les !  Eg vert rørt nå de tek til å takka for bloggen! Då må eg berre halda på! :)))


Adventsklem :))

- mor Gunvor



2 kommentarer:

  1. Vet du, jeg har ikek rukket å lese det bladet enda.
    Fikk det jo på mail, og nå har vi fått det i posten.
    Men dagene er ikke lange nok her.
    Skal høre med Tom om vi skal støtte den bilen med litt.
    Håper du får ordnet med bilder til bloggen din
    Og så ønsker jeg deg ei velsignet god førjulsuke fortsatt :)

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lesa bloggen din, Bestemor!! :) Du e god og imponere stadig!! :D

    SvarSlett