mandag 22. desember 2014

Jule-bogg 2014




Eg hadde ikkje trudd eg fekk til noko julebrev, men så fanga overskrifta på leiaren i Dagen sinnet mitt.
"Noe å feste øynene på"
Eg har ikkje lese heile  det stykket.( Eg er ikkje så uthaldande til å lesa så langt lengerJ, utan det er veldig fengjande.)
Altså: noko å festa augene på ! Eg  skreiv i blogga mi for litt sidan om at det er mykje lys no i adventstida.  Dei trekkjer augo til seg.

Tenk Jesunavnet !  Det er som eit fyrlys.  No i denne travle tida som me er så opptekne av så mange ting . Då er det godt å ha dette lyset inni seg. Når me ser ei stjerne i eit vidauga, eller ljos på juletre og dekorasjonar minner det oss om Han, Jesus! Og då tenkja barnsleg at han er sterkast, han er med meg! Eg kan gå i handlegata og be for dei eg ser og møter og vita at dette er heilt verkeleg! Han er der og det verkar!

Ikkje alltid har eg slike tankar. Eg er nokså umuleg og har motstand inni meg mot "Gudelege ting". Eg er rett og slett svart inni meg og syter og er ei plaga for både meg og dei rundt meg. Men då kjem han og snakkar med meg i mitt sinn, snur tankane litt etter litt så eg får ta imot hans tilgjeving, - gong etter gong!  Er det løye eg er glad i han - og glad i alle!
En gong laga eg nokre vers. Der står det om å ha augo fest på han:


Det er eg
Når stormen rasar mest om meg
så redd eg skrik:
"Ver ikkje redd for det er eg!"
Du kjem nett slik

Lær meg å venta på ditt ”Kom”
- og gå i tru,
og ikkje sjå meg rådvill om
på  storm og gru.

Men alltid ha mitt auga fest
 på deg, min ven.
om trua mi er veik og brest,
Du bergar enn!

*


Kva har ein løvetann i ei juleblogg å gjera?

Eg tykkjer han er så optimistisk og forherdig! Han vitnar om vår og liv!
No har sola snudd og ho blir hjå oss litt lenger for kvar dag! "Vist skal våren komme!", syng me.

Men no er det først jul, og me minnest han som  er lyset åt verda!
 Han kom! Og han kjem att i skyene!!

I år kjem ikkje Nytt om Iraqwbibelen ut til jul. Nr 6 vert som eit nyttårsbad. Eg har altid tenkt at det bladet er mi julehelsing til dykk alle.. men no kriv eg i blogga. Men ikkje alle les blogg eller e-mail, Derfor sende eg ut eit lite julebrev og til nokon.

God Julehelg og takk for alt godt i 2014!

- medan juletreet får pynten sin -

Helsing frå

--mor Gunvor og han min! 




1 kommentar:

  1. Tusen takk for koselig julehilsen.
    Takk for alle gode ord. Takk for diktet.
    Ja du er flink til å få satt ord på mye som
    flere tenker på. Det er godt å kunne be for de rundt oss,
    selv om jeg må innrømme at jeg noen ganger luerer på
    om det har noen hensikt. Men så vet jeg at det faktisk har det
    på tross av at det mange ganger ikke virker slik.
    Ønsker deg og dine kjære ei velsignet god julehøytid :)
    Gleder emg til å følge deg videre på bloggen i året som ligger forran oss.

    SvarSlett