søndag 10. mai 2015

Berre ein løvetann


Fyrste blomen han er komen!
Sjå i bakken der !
Mellom grøn stråa hever seg på tåa!
Første blomen aom er komen,
-- det er blomen min!

Det er ei stund sidan eg såg den blomen.


No ser det slik ut i veikanten! 

Å!!! det er frydefult å sjå!


Løvetannen.
Som ugras ein vanleg øvetann
så einsleg i våren grodde,
saug krefter og fort i veret rann
i solskin og regn og skodde.

Gud sløste så mykje ljos og kraft -
på veksten som ei har sin nytte -
gav stylke og  nerk og livsens saft
mens knoppen i toppen seg knytte.

Og blomen han tøygde seg mot sitt id`ol
som siglde blant skyer kvite,
Så hende eit under - han var til ei sol,-
om det visste blomen lite.

Han smilte og skein og alt vart ljost
for rundt omkring han det glødde
av tusen soler i løvetannkost-
som strjerner på himmelen strødde.

Av all den gleda og sprakande liv
hjå andre ein sommarlengt vakna.
I slumrande spirer det tendest ein giv
- mens løvetannen han bleikna.

Den grånande toppen snøyddest om senn
han viste ei om at hans prydnad
til neste vår vil spira igjenn
når våren får alt il å syda.

Ja denne fann eg i dikt som ikkje kom med i diktdoka mi, Nådens snøfall. 
Tykte han passa her.


Takk
Takk for dagen i dag du let renna på ny!
Du gjev helsa og gleda i sinn!
Og den smerten som plaga i går tok du bort.
Tenk at eg kan få gløyma så fort!

Og den gleda som fyller mitt hjarta og sinn,
ja den strøymer i heile min kropp.
Takk for graset er grønt og sola ho skin.
Eg sg ser roser som står i sinn knopp!
Takk for himlen er skyfri og blå!

Å! kjenn sola som varmar i andletet mitt,
Kjenna vinden mot brennande kinn!
Høyra fuglane kvitra og borna som ler-
høyra susen i lauvtunge tre -
og ei humla som surrar i bed.

Tenk at eg kan få kjenna slik gleda og fred,
ja det sprengjer så på at eg gret.
Eg må dela mi gleda med andre, med deg!
Ja som blomen som faldar seg ut
 vil eg opna og takka min Gud.

Dette diktet fann eg i ein perm med uferdige dikt



Nei no må eg nok utog oppleva våren i dag. Det er skiftande skyer og kaldt.

:))


Ha ein god sundag!







1 kommentar:

  1. Ja du klarer å sette fine ord på enkle ting som en ser
    i hverdagen.
    Kom på at jeg helt har glemt å sette inn dei pengene
    for diktbøkene. Får prøve å huske det i morgen.
    Nå er de tsnart leggetid etter seinvakt.
    Ha ei god maiuke :)

    SvarSlett