Ei kreativ og entusiastisk dame kom innom og hadde store planar, Ho trong etikettar til noko ho skulle selja på ei julemesse! Og sanneleg fekk me det til og! Det var gildt!
Litt blomahekling blei det og - og huset må ikkje gløymast!
Kjempeglad for at eg fekk til denne rullekaka!! No har eg noko dersom du skulle stikka innom! :))
Det ruska felt i dag, men det var ikkje så kaldt!
Gjekk attmed bekken, men det var ikkje moko livd å få.
Måtte nesten til Tippen for å sjå den nyslegne kjelva,
Dei hadde balla og alt lagt dei i lang rekke ved dei andre.
Her snudde eg og ballane tigg l a n g t der borte!
Søravinden tok godt i meg så eg gjekk ikkje beint. Ein einaste forblesen fugl flaksa fort i medvinden, Skyene hasta i stor fart lågt nordover himmelen!
Friskt!
Godt å koma heim til godstolen og blomane!
Atter ein herleg dag å takka for!
Klem frå - mor Gunvor
Ja det er godt det ikke bles så mye her på
SvarSlettaustlandet. Vi har hatt utendørs loppemarked etpar dager nå
og heldigvis ikke hatt vind. Bar litt regn i dag, men det kan en
alltid verne seg mot med persenninger, vinder derimot er
det mye vanskeligere å verne seg mot.
Men det hernder jeg syns det er godt med skikkelig vindvær,
sikkert fordi det minner meg om Jæren.
Ønsker deg en velsignet god søndag :)