onsdag 23. juli 2014

Takksemd

 
 

Eg er så takksam...

I dag blei det rundstykker att. Flott at eg greier det! For nokre mnd. sidan var det uhyre bale å setja i gang med slikt.
Etter at eg begynte med turane mine, ca ein liten time til dagen, har eg blitt sterkare og har ikkje så mykje smerter.
 Eg fekk eit spark bak av ein fysioterapaut rett etter nyttår. Alternativet var rullator desslike. Dermed blei det tur i allslag ver. Strekninga mi var verhard: snaudt jærlanskap og mykje vind var det. Stundom med snø og regn som piska. Men eg ville så gjerne opp av godstolen! Det gekk seint og best det var støytte anna til så eg ikkje kom meg ut. Ein gong var det ei langvarig forkjøling som sette meg attende. Så datt eg. Kvar gong var det som å ta til på nytt att. Måtte bruka all min viljestyrkr og litt til. Spør ikkje meg kor eg fekk det frå.  Fysioterapauten gav inga medkjensle! Men ho sette mot i meg og pusja på. Eg ville ikkje tenkja slankekur, det har eg hatt nok av i livet, men litt etter litt for nokre kilo og.
 
Det er ikkje for å skryta av meg sjølv eg skriv dette, men håpar at det kan setja mot i andre og. No gleder eg meg kvar dag over at eg er betre og ber om at eg må få ha styrke og vilje til å halda på.
 
 

Det er så mange ting å gleda seg over! Eg har alle ting så eg kan laga denne gode maten!
Då eg sat gledde meg over rundstykka  som svulma og fekk gyllen farge i omnen, medan heklekroken gjekk, tenkte eg på mor kor flink ho var til å få maten god. Me ungane kom heim og det lukta nysteikte brød og me åt, for me var veldig svoltne. Brødet var nok mørkt,  men mor fekk det så godt ho kunne med poteter og kolrot og andre ting. Kor ho balte er nok ingen som veit. Det var krig og vanskar med å få tak i alt. Me tok det for gitt med mat på bordet og takka ikkje mor. Men me las for maten, både før og etter, kvar vår gong.

Gud signe maten på vårt bord
og mette kvar ein munn på jord.
Gud signe oss med Faderhand.
Gud signe heim og folk og land.

Med hugnad her til bords me sat
og fekk av Herrens hand vår mat.
Gud giv oss derav trøyst og mot.
Takk være Gud som er så god.

Eg respekterar og takkar for dei som enno les eller syng for maten.

Ha god sommar vidare!

Gunvor

6 kommentarer:

  1. Takk skal du ha! Godt med tilbakemelding.

    SvarSlett
  2. Så fint å lesa :) Godt med en påminnelse om å ikke ta alle godene for gitt. Du er flinke, eg er stolt av deg bestemor!
    Stor klem

    SvarSlett
  3. Å tusen takk, Ragnhild! Vert reint rørt.

    SvarSlett
  4. Så godt og kjekt å lesa! Stolt over at du er bestemora mi :)

    SvarSlett
  5. Gode tankar og gode minne, - og gode påminningar! Takk!

    SvarSlett