onsdag 3. desember 2014

Advendtstid


Stjerna som lyser i vindauga fekk eg etter mi mor. Det er så kjekt å tenkja på at den lyser ut i mørkret slik som julebodskapen og gjer.
Alle i slekta kjenner oldemor og veit kva ho stod for og at ho bar oss i sine bøner alle. Ho ville så gjerne møta oss att ein gong! ---


Ein busk skal verta juletre og bera julebodskapen på sin måte.




Og ein liten busk lyseropp i si vele krå.


 Og gartnaren kan nyta freden bladt blomane sine i ny og ned sine enno!



Sist helg kunne me i ro og fred høyra salmesong over heile landet! 
Ei stor velsigning!
Kjende og kjære songar fint og entusiastisk framført!


I veka som var kom denne dama, sosionomen, svissande om hjørna og bles. Ho venta at gamlemor stod på troppa klar til å stiga inn i dette snedne framkomstmiddelet. !
På nokre timar hadde me fått skifta og brynt tankar, prøvt kle, nytt synet av mykje me aldeles ikkje trong eller ville ha og fylt posar med det motsette!  Rullatoren var ekstra fylgje alle stader og gjorde turen meir gjenomførleg. Endåtil Arbeidsplassen hennar på Nav fekk eg sjå!!!
Den høyrest skremandende ut med bombetruslar og slikt, men eg vart mykje rolegare!



Jau vist spøtar eg! Nydelege mønster får me å løysa annankvar dag. Det spørs om eg greier halda ut! Alt som sprengjer på no til jul.
I gårkveld vennebesøk og så skal det vel bli blad før jul!


Turane mine er kalde og forblesne! Og okke kvar dag. Det mørknar før eg får sukk for meg!
Og no sit eg her medan det er stilt og ljost i vest.

Det var noko krøll med datastyret mit så eg ikkje fekk fram bilete her, derfor så lenge og venta! ja og så var motivasjonen under 0. 

Adventstankar

Me kavar og strevar og lagar til jul,
omgir oss med alt det som glitrar
og englane  dalar som før ned i skjul,
og spaning i barnesinn sitrar.

Så mykje i verda er trist og leit,
men alle så kveikjer me ljosa
og lagar til høgtid det beste me veit,
med jul skal me riktig oss kosa.

Så gløymer me kanskje vår hovudperson
som kom til vår jord denne natta.
Me feirar nok stallen, - men krubba er tom,
- ein tomleik me ikkje kan fatta!

I tettaste mørker  skin stjernene klart,
Ja, sjå sjå kor dei strålar og blinkar!
Prøv tel dei, - du kjem utav talet så snart.
- Mens stjernene kallar og vinkar.

Eg augnar ei stjerna som tindrar mest.
Ho  sender si leiande stråle
til kjelda med styrke,  til kvardag og fest,
den krafta som ingen kan måle.

Frå boka mi Nådens snøfall.


Ha ei god adventstid!


Takk til alle som legg inn ein kommentar! det varmar!!!  :)



Klem frå  ----mor Gunvor

5 kommentarer:

  1. Alltid like kjekt, inspirerande og oppmuntrande og lese bloggen din .... ynskjer deg ei god adventstid.

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lesa!! Ja det var en jille tur me hadde i lag! Så glad i deg mor! Gler meg til å lage stripekjeks på lørdag, heima på Grødei!♡

    SvarSlett
  3. Eg og vil laga stripekjeks......Marta

    SvarSlett
  4. Då får du komma te Grødei på lørdag, Marta! :-D
    Ta med deig!
    Brita

    SvarSlett
  5. Ja! då får me det kjekt ! velommne alle tre !
    ;D

    SvarSlett