søndag 21. september 2014

Sundag


Sjå dagen sprett i austerett
Han livet opp vil yngja!
Sjå skuggar fly og solglytt ny
no gyller sky
og tusen fuglar syngja!

Bjørka er blitt tnnare i den lubne pelsen ho svaia med i sommar, men lauva skin som lauva på ei bunadsylja i sola!

Det blei og ein biltur i finveret, til nokon av borna, i to heimar + ei dotter til.  Oppkvikkande! Fekk høyra nytt frå innsida av familiane deira. Og så fekk eg ei oppdatering av blogga, som de ser!

Heimkomne var det nett tid til ein tur før mørkret fall på. Ingen sol å sjå. Nordavinden bles kald så hetta måtte på!


De ser at graset har fått god bakoversveis. Det er ein annan tur i dag, minst like snau vidde. Eg gjekk så langt som me ser vegen. Fort.


I går, laurdag, regna det.
Det hadde nok regna godt om natta, og for bekken var alt stor og veldig brun. 


Obs! 

Slik såg vegen ut, men han spegla ikkje himmelen; det spruta og skvatt Men eg gjekk like til "bakken" likevel. Så langt som me ser vegen, der ballane ligg. Der går vegen opp på den haugen og vidare nedover. Det er det eg kallar "bakken".
 Det er herleg å verta litt utfordra - og så greia det!  Greia motstå freistinga til å sitja i godstolen!


Heime att på terassen. Eg må vist få meg søvlar og regnbuksa! Men det var ikkje kaldt!


 Godt å koma inn til lukten av bakst og få turt på seg! Trur kavringane  blir gode denne gongen! Her ligg dei til turk i omnen.


Ha ein god kveld vidare!

- mor - Gunvor








5 kommentarer:

  1. Du er sprek. Jillt dokke tok turen innom oss idag. Ellers anbefaler eg gode og stødige støvlar eller kanskje gortexstøvlettar som er vanntette ;). Ha ei god og kreativ haustveke. Klem

    SvarSlett
  2. Hei. Ser du har fått lagt meg til i blogglista di.
    Skal legg til deg også i min liste
    Har vært gjennom bloggen din nå. veldig koselig.
    Er jo koselig å se bilder av kjente og kjære.
    Var du innom den uheldige sjuklingen i dag?
    Var jo veldig kjedelig at de ikke kom seg avgårde på tur.
    Men de får ta det igjen en annen gang.
    Ønsker deg ei riktig god uke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Ja, me var der. Det går opp og ned her i verden! Det var ho som tipsa meg om deg. Og så var me inn den lilla døra og fekk blogghjelp! Det trengdest. Eg har sett på di blogg og er imponert over kor flink du er. Men det får koma litt om senn med meg og. Ha ei god veke du og!
      Ha ei fin veke der borte og!

      Slett
  3. Kavringane dine var kjempegode til kveldsmat! Veldig jillt at de kom på sjukebesøk! Tusen takk for kavringer og besøk! :-D Klem fra minstabadne! ♡

    SvarSlett
  4. Tusen takk, det varma! God betring! Klem frå mor.

    SvarSlett